Er det mogleg i vaksen alder å oppdage at det finnast meir interessante yrker enn den du har jobba med dei siste 20åra?
Svaret er JA
Moglegheita til å finne ut dette har vi fått gjennom å starte bedrift. Vi har på snart 2 åra vore innom det som er velkjent for oss, men også nye oppgåver og arbeid.
Dette har gitt oss ei innsikt i andre yrke og bransjar som vi elles ikkje hadde fått, -og veit du kva?
Vi har oppdaga at vi har interesse for og let oss engasjere av andre oppgåver enn vi var klar over.
Hadde vi valgt yrkesretning i dag, så hadde vi gjerne valgt einanna en den vi valgte for LENGE sidan.
Vi forstår godt det er vanskeleg å velge studie når du går ut av ungdomsskule eller vidaregåande, det er FAKTISK VANSKELEG FOR OSS SOM ER GODT VAKSNE OG, om vi måtte velge i dag!
Så til deg som skal velge eller har alt valgt, men slettes ikkjeer sikker!
Vil påstå at samme kva du har valgt og kva veg du kjem til å gå, er det ikkje vekk kasta!
All erfaring er god erfaring. Fortvil ikkje over at du ikkje veit, du er ikkje åleine og det går bra uansett!
Brukar ofte å stille dette spørsmålet om situasjonen vi står i, verkar vanskeleg å handtere.
«Går verden under av dette?» er svaret NEI (-og det håpar vi)! Ja, då går det bra!
Lukke til!
Verden er i spanande omstilling.
Comments