top of page
Søk
arlen8869

Tett på Arez_Kvar er vi no?

Kvar er vi no – vel 3 år etter.

 

Tida flyg når ein har det kjekt – og det gjeld også når man startar bedrift.

Det har gått fort sidan oppstarten i april 2021 – og det er svært gledeleg at vi i denne tida også har hatt meir eller mindre full sysselsetting.

Vi kan og melde om at vi i august i år – fekk med oss endå ein på laget.

Arbeidsoppdrag: byggetilsyn i Tyrkia.👍

 

So har det sjølvsagt ikkje gjort seg sjølv – det å kunne skilte med høg aktivitet.

Det å gjere folk merksame på at vi er her, og kva vi kan bidra med – var ein særs viktig del av det å komme oss i sving – og er det framleis.


 

For første gang har vi år hatt stand på eimaritime messe –Nor Fishing i Trondheim.

Etter 3 år som besøkjande – tok vi steget.

I lag med andre aktørar frå fylket  stilte vi på Vestland fylket sin felles stand: HAVFYLKET.


Det var kjekt og lærerikt.

Ein ny erfaring å ta med seg vidare i vår reise innanfor å gjer Arez kjent for dei som treng oss.

 

 

Kva er det vi syslar med?


Jau – vi er framleis med på skipsverft – innanfor prosjektleiing og byggetilsyn på skrog i utlandet.

I tillegg er vi også innom på redar sida med byggetilsyn på stålarbeid som blir utført på eit nybygg.  


Vi jobbar innanfor batteriindustrien og vi er med på det kommunale og fylkeskommunale plan. Omstilling og grøn energi.


Og som ein liten «moro fakta» har vi i desse tre åra jobba på pilotprosjekt med landbasert oppdrettsanlegg, vore med på den største flytande vindparken i verden ( pr no), og er i gang med prosjektleiing på hydrogen ferjer.


Arez er i vinden, og det har vi tenkt å halde fram med!

 


155 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page