top of page
Søk
arlen8869

TETT PÅ AREZ juni 22

Oppdatert: 10. jun. 2022

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Tema denne gangen er «kordan er det eigentleg å kome inn som konsulent i ei bedrift?»


Vi var veldig spent på kordan vi kom til å bli mottatt som konsulentar.

kva forventningar og krav har bedriftene til oss, greier vi å innfri?


Dette var heilt nytt for oss, då vi alle har vore fast tilsette heile arbeidslivet.


Vi er godt kjent med innleige og kor ulikt vi oppfattar konsulentane vi sjølv har leigd inn tidlegare, ikkje alle erfaringar har vore positive. Vi ville sjølvsagt sjølv vere av den typen som er kjekke å få inn i bedrifta.

Derfor gjorde vi oss nokre tankar om kva vi skulle og ikkje skulle gjere.👇🏻


Vi har vore heilt klare på at vi i alle fall IKKJE:

> skal oppfattast som arrogante

> bedrevitarar og belærande

> ta lett på ting sidan vi berre skal vere i bedrifta ein kortare periode

> gå på «halv maskin»


Målet vårt er:

> lytte til tilsette og bli ein del av organisasjonen

> få til eit framifrå samarbeid der vi inkluderer og blir inkluderte

> involvere og engasjere oss «gje gass»

> kome med forslag til forbedringar

> gje bedrifta ein følelse av at vi er ein del av arbeidsstokken, ikkje «berre ein konsulent»


Dette har vi hatt i tankane når vi starta å leige oss ut og vi føler det ikkje har vore veldig vanskeleg.


Vi meinar sjølv vi er lette å engasjere, likar godt å jobbe i team og ikkje minst treffe nye folk.


Meeen kordan vi meinar vi er og kordan vi blir oppfatta er ikkje nødvendigvis det same!


Derfor har det vore mykje spenning knytt til dette.. og det har gjort oss super-glade når tilbakemelding frå alle vi har jobba for, så langt, at vi har greidd det!


Vi har gjort ein god jobb og har fått nye gode venner og relasjonar😊


Hadde ikkje tenkt tanken på at å avslutte eit oppdrag kan bli litt trist -og at vi fell ei tåre..

men det er fordi vi bryr oss om personane og bedriftene vi jobbar tett med!

Vi blir glade i dei og vil dei skal lykkast!


Vi ser på dette som ein styrke og eit teikn på at vi så langt jobbar i tråd med måla våre om å vere engasjert og ein del av organisasjonen.





183 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page